Korleis er eigentleg livet som botreningsassistent?
Cathrine Berg og Maja Lesto-Raad er våre namn og det er VI som er botreningsassistentar på botreningslinja 09/10! Frå våre respektive heimstadar på vestlandet kom vi til Grenland ein sumarsdag i August for litt over eit år sidan. Fort fant vi ut at Grenland var plassen å vere og tvilte ikkje lenge når vi fekk tilbudet om å vere botreningsassistentar! Det har vi ikkje angra på! For det første, vi sleppe å lage middag, vi sleppe å vaske opp, vi har fri annakvar helg og vi får Lønn! For det andre har vi ein Kjempegjeng på botreningslinja som gjer dagane utfordrande og humørfylte! Og sist, men ikkje minst får vi ikkje berre eit, men TO år på Grenland, noko som er fantastisk! Vi har altså fått det ærefylte oppdraget om å blogge for botrening og vi skal gjere det som best vi kan:)
3946 Porsgrunn
Telefon: 35 56 04 50
Fax: 35 51 11 73
e-post: info@grenland.fhs.no