Ny siger til fotball-gutta!

Ny siger til fotball-gutta!

Fotballgutta var i dag på besøk i Østfoldhallen, og Haugetun FHS sto på motsatt banehalvdel.

Avreise til Haugetun var klokka 0900, i ufyseleg veir. Regn, 2-3 plussgrader og kaldt. Heldigvis skulle kampen gå innandørs i Østfoldshallen!

Då vi fekk sjå speleforhalda var vi mildt sagt overraska. Størrelsen på bana må vere noko av det største vi har sett. Ifølgje «sikre» kjelder skal banemåla vise 115X73 meter. Ellers var dekket av typen krølla kunstgras, som ballen lett kan lugge i. Dette såg vi på som uproblematisk. Men størrelsen på bana, betydde at det var mange meter som måtte springast. Det vart sett på med litt meir skepsis...

 

Kampen blei sparka i gong 1230 av Haugetunspelarane. Gutta våra virka tent og veldig kampklare frå første sekund. Vi viste at Haugetun er eit spelande lag, og derfor bestemte vi oss for å stå høgt for å prøve og forstyrre dei. Dette funka veldig bra, og vi eigde kampen dei første 10-20 minutta. Haugetun hadde ikkje eit skot på mål i denne perioda. I denne perioda hadde vi ein relativt stor sjanse, der eit fint frispark frå Vegard Klund går igjennom heile feltet og inn til keeper. Her burde vi fått ei tå på ballen og pirka den inn!

 

Spelet bølga mykje fram og tilbake i dei neste minutta, der ingen av laga kom til dei heilt store målsjansane. Vi kan nemne at Haugetun kom meir og meir inn i kampen. Dei hadde ballen ein del meir, slik som forventa. Vi var gode til å forsvare oss, men farlege på kontringer. Ole Dillerud hadde ein relativt stor sjanse til å føre Grenland i leiinga, men mottaket på passninga frå Klund blei diverre for dårleg.

 

Haugetun la inn eit voldsomt press mot Grenland etter halvtimen. Tre cornerar imot blei det etter kvarandre, men Mathias Grannes i Grenland-buret rydda opp med stor stil på samtlege tre. Eit par minutt seinare må Mathias plukke ballen ut av nettet, men målet blei korrekt avvinka for offside. Haugetun fortsatte med presset ut heile omgangen, og vi kan sei oss nøgde med å gå til pause med eit uavgjort resultat. Likevel kunne vi fort ha leda kampen.

 

Etter halvtid fortsatte gutta med same taktikk og innsats. Kampen vart snudd litt på hovudet, no var det Grenland som hadde ballen soleklart mest, og Haugetun som måtte springe i mellom. Sjansane kom ikkje på løpande band, men vi kunne ane at vikarierande spiss, og eigentleg midstoppar, Kristian Kirkbakk, hadde noko på lur. For det var nettopp Kristian som slo den avgjerande passninga til Ole Dillerud som kom på eit flott løp inn i boksa. Der tok Ole den med seg på kassa før han blei forstyrra i skot-augenblikket. Avsluttninga gjekk i tverrliggaren, men i og med at Ole si skjorte sto ut som eit flagg i det han skaut, fekk Grenland korrekt tildelt straffe! Straffetakar var den rolige og sindige Kristian Kirkbakk. Hardt til høgre for keeper, 1-0 til Grenland! Då var kampen 65 minutt gamal.

 

Kampen fortsatte i same spor, men Haugetun hadde ein del småfarlige, og nokon direkte farlege forsøk. Det næraste Haugetun kom var ein stor dobbelsjanse som vår keeper og banas bestemann, Mathias Grannes, redda meisterleg. Kjempeprestasjon! Så i staden for at Haugetun utlikna, gjekk vi i angrep og fekk corner. Martin slår inn ein god corner som Renè Larsen klarer å sette inn med skuldra, i beste Balotelli-stil. Kjekt for Renè som var på heimelege trakter, og med vener og familie ringside.

 

Frå 2-0 og inn var det stort sett ein profesjonell jobb som vart gjort. Ikkje noko tull, viss ein ser vekk i frå eit par cornerar som kunne ha gjort dei siste minutta meir spennande enn nødig.

 

Alt i alt ein godt gjennomført kamp, der presset satt som eit skot, og vi gjorde Haugetun dårlige. Kjempeinnsats av gutta, som la bak tallause meter på ei bane som er mange kvadratmeter større enn heime på ærverdige Eidanger Stadion.

 

Hans Husøy

  • Backpacker
  • Botrening
  • Estetisk reisemix
  • Fotball
  • Håndball
  • Reise/bistand
  • Reiseliv
  • Roadservice
  • Sandvolley

Grenland Folkehøgskole

3946 Porsgrunn

Telefon: 35 56 04 50

Fax: 35 51 11 73

e-post: info@grenland.fhs.no


Se kart