Linje: Stoff m stil
Skoleår: 2009-2010
Fra: Florø, Sogn og Fjordane
Alder: 19
Interesser: Reising, musikk, vener og redesign
Christine går dette året på stoff m stil linja. Vi tok en prat med henne om skoleåret.
Hva var det som gjorde at du søkte på Grenland?
Eg var først og fremst opptatt av at skulen hadde ei linje som hadde noko med saum, redesign og mote å gjere. På denne måten var ”Stoff m stil” ei linje som appellerte sterkt til meg. Elles tykte eg at Grenland folkehøgskule virka som ein fin skule med mangfald og variasjon.
Hva ønsker du å få ut av året?
Eg ønskjer at skuleåret skal by på mykje sosialt (noko eg allereie har opplevd at det gjer), lærdom, med tanke på linjefaget og personlege utfordringar reint generelt.
Kan du fortelle litt om det dere gjør på linja?
”Stoff m stil” er ei linje som legg opp til at elevane skal kunne produsere så mykje som muleg etter kva ønskje kvar enkelt elev har. I byrjinga av året diskuterte vi kva vi var interesserte i å lære, og læraren vår, Tone la opp årsplanen mykje etter dette. Kva vi gjer på linja varierer stort, men hovudfokus ligg på klede vi seinare kan bruke. Elles har vi småkurs inn i mellom der vi blant anna lærer om stofftrykk, om det å starte eiga bedrift og forskjellege saumteknikkar.
Hva synes du om opplegget generelt på skolen?
Opplegget på skulen er variert og opptar i passeleg grad tida vår, slik at vi kan gjere ting på eiga hand på fritida. Til dømes legg skulen opp til nokre faste, men frivillege aktivitetar kvar veke, som til dømes felles trening i gymsal og sandvolleyhallen, eller koseleg sjokoladebingo. Elles har vi òg obligatoriske opplegg som felles fjellturar og laurdagsseminar der vi lærer om alt i frå rus til massasje. Skulen legg òg opp til at elevane skal engasjere seg i opplegget. Døme på dette kan vere elevkveldar med forskjellege tema eller morgonsamlingar for heile skulen.
Hvordan ser en vanlig skoledag ut for deg?
Ein heilt vanleg skuledag står eg opp kvart på åtte, kler på meg og går til frukost. Kvart på ni byrjar morgonsamlingar som varar til kvart over. Deretter har vi anten linjefagstimar (stoff m stil) eller valfag, som i mitt tilfelle består av gitar, ”Prosjekt Moldova”, drama og dykkerkurs. Deretter er det lunsj med både brødmat og salatbar. Etter lunsj er det timar igjen fram til middag. Etter middag har ein enten fritid eller valfag, dersom ein har valt det. I mitt tilfelle var dykkerkurs noko eg hadde på ettermiddag/kveld.
Hva gjør du på fritida?
Fritid er noko som er vanskeleg å setje ord på når ein går på folkehøgskule. Skulen og ”fritida” går på ein måte hand i hand. Men ein kan altså gjere alt frå å sjå film i det store filmrommet, spele spel eller lage mat på elevkjøkenet. Dersom ein har tilgang til bil er jo mulegheitene enda større. Ein kan for eksempel ta seg ein tur til Porsgrunn, eller gjer som vi gjorde: ta ein dagstur til Oslo for å vere publikum på ”Nytt på nytt”. Det er heilt opp til kvar enkelt kor roleg eller livleg ein vil ha det.
Hva gleder du deg mest til dette året?
Eit av høgdepunkta blir desidert linjeturen vi skal ha til New York. Dersom vi er heldige får vi til og med med oss New York Fashion Week under opphaldet. Men det kjekkaste med eit slikt år er likevel venene ein får og alt ein får oppleve i lag, både i skulesamanheng og på eige initiativ.
Vil du anbefale et år på skolen til dem som kunne tenke seg å søke?
Ja!
Via et elektronisk skjema kan du søke skoleplass hos oss.
Søk skoleplass nå! ›››
Last ned og send med post
3946 Porsgrunn
Telefon: 35 56 04 50
Fax: 35 51 11 73
e-post: info@grenland.fhs.no