Den ligg midt på tunet, og er det eldste bygget vi har på skulen vår.
Den husar backpackere,lærarar, stipendiatar (STIPar) og ikkje minst spøkelsa i kjellaren.

I huset bur Petter, Lisa, Eirik, Maja, Jostein, Linn-Marie, og Cathrine.
Dei kjekke STIPane våre som alltid stiller opp. STIPane er opptatte og spreidde rundt om på heile skulen
og vi har fått tak ein av dei for å stille nokre spørsmål om livet i skrivargarden og på Grenland
ellers.
Den heldige er Petter Fløttum fra Melhus i Trøndelag.
Stipendiat på Reiselivslinja 09/10. I fjor gjekk han på Fotball-linja.
1. Kva er oppgåva di som stipendiat?
- Eg er i hovudsak miljøarbeider og det går ut på å skape eit bra sosialt miljø og sosiale "happenings"
på skulen slik at det blir best mogleg for elevane.
2. Beskriv ein vanleg dag for ein STIP.
- Vi har sjølvsagt timar som alle andre elevane på skulen, men det kjem heilt an på kva dag det er.
I dag har eg f.eks tilsyn. Det vil seie at eg er ansvarleg for at alt går som det skal med elevane. Om elevane har problemer med romma sine, brannalarmen eller dei må ha ei ny pære i nattlampa, så er det vårt ansvar å hjelpe dei best mogleg. Andre oppgåver inkluderar å starte og avslutte middagen, gje beskjedar og ha låserunde på slutten av dagen.
3. Kva gjer ein STIP på ein vanleg kveld?
- Eg er i skrivargarden og slappar av, heng med andre elevar, ser film, les bøker.
4. Kva er det beste med å gå på Grenland?
- Det er så mykje bra! Men mest av alt fordi eg er laga for denne typen livsstil. Det er så mykje fritid.
Du kan for eksempel sitte etter middagen og bare prate "skit" over en kopp kaffi i en times tid uten at du kjenner at du må gjere noko heile tida. Eg elskar det! Mangfoldet av elevar er og noko av det beste med Grenland. 100 ungdommar frå heile landet er samla og det gjev veldig mykje. Ellers er det mange tilbod i form av sport, musikk, film, sosiale kveldar på skulen.
.
5. Kvifor valde du å gå eit år til på Grenland?
- Eg har visst kva eg skal studere lenge, så det er eigentleg ikkje problemet mitt. Eg stressar ikkje med å kome meg ut i student-og arbeidslivet ,så når eg blei spurd om å være her eit år til,var det eit tilbod som var for godt til å seie nei til.
6. Beskriv gruppa du bur med (Lisa, Eirik, Maja, Cathrine, Jostein og Linn-Marie) med 3 ord.
- Forskjellige, KOS!, Barnslige
7. Kva syns du om årets elevar ved Grenland? Er det betre enn i fjor?
- Det blir umogeleg å seie om eine året var betre enn det andre fordi det er så ulikt.
Det eg merkar mest til er forskjellen når ein flyttar ut frå internatet og inn i skrivargarden.
Uansett kva år man går på ein folkehøgskule, så kjem man til å treffe personar men trivst ilag med uansett.Eg syns det er like kjekt i år som i fjor, sjølv om eg har meir ansvar i år som stipendiat.
8. Kva er det beste med å være STIP?
- Det beste med å være stip? At eg får betalt for å være her på Grenland og ha det gøy eit år til!
Også er det jo folka. Så utrulig mange forskjellige, greie folk på ein plass. Det er "perfect".
9. Vil du anbefale rolla som STIP på Grenland?
- Om ein trivst på Grenland, er motivert for det, og er sosial og omgjengelig så vil eg anbefale det ja.
10. Ka erfaring sit du igjen med no når året ditt som STIP snart er over?
- For det første er det attesten. Eg har arbeida her som miljøarbeider og det har eg lært mykje av. Det er veldig greit å ha på CVen sin. Ellers har eg fått trening i å arbeide med menneske av ulike slag og med profesjonelle pedagogar. Også har du det med å bu mange ilag. Her i skrivargarden bur vi 7 menneske praktisk talt oppå kvarandre, då lærer ein seg å ta hensyn og å leve saman på best mogeleg måte.

Elin og Marit
3946 Porsgrunn
Telefon: 35 56 04 50
Fax: 35 51 11 73
e-post: info@grenland.fhs.no